Yoga - Pust - Kvile
Privatundervisning
Når tok du deg sist tid til berre deg sjølv
- med fullt fokus på deg og dine behov?
Vi treng å ta tid til oss sjølv. Gi oss sjølv tid.
Å øve på å sette oss sjølv først, innimellom.
Å rette fokuset innover, til deg, lytte til kva du egentleg treng, og kva du lengtar etter.
Enkle bevisstgjeringar, øvelsar og verktøy kan gi eit godt grunnlag for ein betre kvardag, meir ro, gladare kropp og mjukare pust.
Eg er tilgjengeleg for å støtte deg til å ta deg tid, til å roe ned, til å identifisere kva du treng og kva som gjer deg godt.
Eg er her, eg lyttar, og guider deg.
Kven passar privatundervisning for?
For alle; eg tilpassar undervisninga til deg, skreddersydd etter dine behov og ønske.
Privattimar med meg er særleg fint for deg som lengtar etter eit pusterom, etter ro, å få hente deg inn, finne kvilepulsen igjen -
og for deg som lev med stress i kropp og sinn, lav energi, utmattelse og langvarig slitenhet.
Under mi veiledning finn vi puste-, yoga- og avspenningsteknikkar og andre verktøy som fungerer for deg akkurat der du er.
☽ Korleis prioritere og integrere meir yoga, meditasjon og/eller ro og kvile i din kvardag?
☽ Korleis bli betre kjent med pusten din, og bruke enkle pusteøvelsar for meir ro, klarheit og energi?
☽ Korleis redusere stress og spenningar i kropp og sinn?
☽ Korleis booste di fysiske, mentale, emosjonelle og spirituelle helse?
☽ Korleis håndtere lav energi, utmattelse eller smerter?
☽ Korleis finne tilbake til deg sjølv og ein god kvardag etter ei stor endring i livet?
☽ Korleis føle deg bra, og få tilgang til meir påfyll, glede og energi?
☽ Kva treng du aller mest akkurat no; kva gir deg påfyll, kva lengtar du etter, kva drømmer du om?
Desse refleksjonane er eksempel på tema vi kan jobbe med, gjennom samtale og yogapraksis. Vi inkluderar samtale og refleksjon etter dine behov. Ein kombinasjon av samtale og yogapraksis er det dei fleste av mine klientar ønskar.
Du vil etter vår tid saman motta forslag til enkle praksisar og øvelsar du kan gjere sjølv, heime, slik at du kan skape dei endringane du ønsker både på kort og lang sikt.
Kva tilbyr eg?
Eg tilbyr timar ein til ein, primært online.
Mi tilnærming tek utgangspunkt i pust, nærande og mjuk restituerande yoga, mindfulness, avspenning og djup kvile;
Eg har stort fokus på å roe og balansere nervesystemet, som jo ofte er på høggir i vår tid. Eit velfungerande nervesystem er essensielt for at vi skal ha det bra.
Gjennom å skape eit trygt og godt rom kor du kan puste ut, ønskar eg at du kan få gje litt slepp og få lade godt. Jording & ro og flyt & glede er viktige prinsipp i det eg formidlar.
Korleis kan ein privattime sjå ut?
Vi startar ofte med ein prat som eit grunnlag for å sjekke inn og identifisere dine behov. Om du ønsker kan du sende meg nokon ord på forhånd om dette, eller kva du ønsker å få ut av samarbeidet vårt.
Så går vi vidare til ein mjuk mindful pusteøvelse, før vi beveger oss over i enkle, nærande yogastillingar. Vi avsluttar med ei kort eller lengre avspenning.
Undervisninga vil foregå på Zoom (gratis program), og primært på dagtid; vi finn eit tidspunkt som passar oss begge.
Ta kontakt med meg
Om du er nysgjerrig på å høre meir, eller du har spesielle ønske, så er du varmt velkommen til å ta kontakt med meg for ein uforpliktande prat.
For spørsmål eller for å høyre meir om pris og tilgjengelighet, eller om du vil booke eit opplegg,
ta kontakt på pusteromyoga@gmail.com eller fyll inn kontaktskjemaet.