top of page
Yoga - Pust - Kvile
Om Camilla
Mitt første møte med yoga var i 2005 i Cape Town i Sør-Afrika. Det var eit pusterom fra første stund. Berre meg, matta, pusten min, kroppen, her og no.
Eg har praktisert mange ulike former for yoga, fra bikram til restorative yoga i ulike faser i livet - akkurat slik som yoga skal vere; ein støtte til livet slik det er her og no. Og etterkvart som yogaen guida meg heim til meg sjølv, og eg våga å lytte, så bevega eg meg frå ein fysisk krevande yoga og til det som skulle kjennast som heime for meg; den rolege, mjuke, meditative yogaen. Den støtta meg òg gjennom tøffe år i livet og vart eit uendeleg viktig holdepunkt på mi reise.
Og det er den rolege yogaen, og krafta i kvile, som ligg mitt hjarte nærast. Mjuke pusteøvelsar for ro i kropp og sinn, djup avspenning og meditasjon er ein viktig del av min praksis, og i yogaen eg underviser.
Eg ønskar å formidle verdien av å våge å roe ned, ta pauser, kvile, puste, lytte inn. Leve litt saktare, og litt meir tilstades.
For meg er yoga ein pauseknapp;
ei pause frå ei verd i høgt tempo, med konstante stimuli og mange inntrykk.
På matta kan alt få stilne.
Og eg kan kome til her og no. Eit pust, og så det neste.
- Camilla
Foto: Marthe Høstmark Løve
Min yogabakgrunn:
- 300t Grunnleggende Yogalærerutdanning
(Oslo Yoga 2016)
- 100h Mindful Restorative Yogaterapi
(Elise Jansen 2017-2018)
- Hvilende Yin yoga
(Fatima Sidhree, Oslo Yoga, 2021)
- Yoga Therapy for Burnout, Chronic Fatigue and Long covid
(Fiona Agombar and Sarah Ryan 2021)
- Teacher Training: Yoga for HSP og utmattade
(Mia Hozona, 2019).
- Nevroyoga
(An-Magritt Seeland 2017)
- Total Yoga Nidra: Immersion Experience
(Beverley Bruce 2019)
- Yoga Nidra (kurs Deva Yoga Institute 2023)
+ mange kurs og yogaworkshops med norske og internasjonale anerkjente yogalærarar opp gjennom åra.
bottom of page