top of page

Nord | Seløy

Skjermbilde 2021-06-21 kl. 10.23.37.png

Når pustar du godt, åpent, og heilt ned i magen?
Når kjenner du deg fri i pusten din, i kropp og sinn?
Ved å observere pusten vår kan vi få ein peikepinn på kva som gjer oss godt - og kva vi treng å prioritere meir av i kvardagen vår.  

 

N o r d

 

Sommaren 2020 tok vi eit stort steg. Mot ein lengsel, ein draum. Ein heilt ny kvardag.

Vi solgte det meste vi eigde, pakka bilen og kjørte nordover. Altså, kjøre nordover har vi jo gjort kvar einaste sommar.

Men denne gongen var eit lite flyttelass òg med. Og ikkje ein unge i baksetet denne sommaren, men to!

Så, etter 10 år i storbyen Oslo og mange år i utlandet flytta eg og familien min til eit lita øy i havgapet på Helgelandskysten.

Her er eg fødd. Mellom muskuløse fjell og det kraftfulle storhavet. Med sommarlyset og vintermørket. Her på Helgeland har eg mine røtter; her har eg gifta meg, på den vesle øya der pappa vaks opp. På øyene rundt har mi slekt og mine forfedre levd sine kystliv.

Og hit har eg alltid lengta, uansett kor eg har vore i verda.

No skaper eg og familien min ein ny kvardag her, ved storhavet. Her pustar vi godt. Det er heilt spesielt å bu her, i denne vanvittig vakre, kraftfulle naturen. Leve i det, ha kvardagen her. Leve enno saktare, stillare. Vere heilt tilstades, oftare. Oppleve alle skiftningane; mørket, lyset, veret, årstidene, dei tydelege sesongane. Puste større, djupare, opnare. 

Det er her eg føler meg mest levande. Mest på plass i meg sjølv.

Når eg er her; med fjella i ryggen, havet i fleisen, og vinden i håret. Når eg lukkar augene her; akkurat den kjensla i kropp og sinn var ein viktig guide i valget vårt om å flytte nord.

Her kan du lese meir om oss og valget vi tok. 

IMG_1375.heic

" Å ligge på ei gammal brygge og kikke ned i havet.

Høre bølgene slå mot berga, sjå ein fiskestim som svømmer forbi.

Plukke skjell og kråkebollar, bade i det kalde, grønne og blå havet.

Drikke ein sakte kaffi i ein vakker kopp. 

 

Å kjenne varm sommarvind mot huda under midnattssola og blikkstille hav,

eller vinterlufta som knip i kinna medan nordlyset dansar over himmelen.

 

Sesongar og skiftningar, kontrastane.

Her er det naturen som styrer showet.

Og i nord er det ikkje mørkt, kan eg fortelle deg

- her har vi fantastisk lys året rundt. 

 

Her. Nord.

Det er her eg hører heime. "

bottom of page