top of page

Pust

Bilde 02.06.2016, 22 37 50 (1).jpg


Pust mjukt inn,
pust sakte ut,
la kjeven få sleppe litt tak,
la skuldrane få mjukne,
og magen, hendene, føttene.

Du er her, no,
du pustar.

 

Pusten vår kan fortelle oss mykje om korleis vi har det.

For korleis vi pustar påverkar kropp og sinn - heilt ned på cellenivå.

Pusten vår er òg sjølve  livet - vi pustar inn for første gong når vi kjem inn i livet, og vi pustar ut vårt siste utpust når vi forlet jorda. Og innimellom der, millionar av pust, tenk, vi pustar omlag 20 000 pust kvar einaste dag. 

Pusten er meint å regulere seg sjølv etter våre behov, og vi er avhengige av eit godt pustemønster for å ha det bra og for å ha god helse. Men stress og travle liv påverker pustemønsteret vårt; livet sett seg i kroppen vår. Du veit den kjensla av å ikkje ha pusta på lenge. Høge skuldre og overfladisk pust påvirker òg korleis vi har det i kroppen, og ikkje minst i sinnet. 

Pusten er ofte eit speilbilde på korleis vi har det. 

IMG_8544.heic

P u s t e n  er eit superverktøy!

Pusten er eit verktøy vi enkelt kan ta i bruk når og kor som helst.

Gjennom å øve opp bevisstheita vår på pusten, og lære oss enkle pusteøvelsar, får vi direkte tilgang til å påvirke nervesystemet vårt.

Slik kan vi bruke pusten for å roe ned, lande, balansere kropp og sinn - og ved å bruke dei rette pusteøvelsane

kan vi gå fra stress og overveldelse til ro og klarheit på få minutt, og aktivt påvirke korleis vi ønsker å føle oss.

 

Ved å bruke pusten vår rett kan vi enkelt påvirke sirkulasjon, energi, fordøyelse, redusere uro, smerter og inflammasjon,

og ikkje minst støtte oss sjølv til god søvn, og meir overskudd til det vi faktisk har lyst å holde på med. Pusten er vår direktelink til å påverke sentrale funksjonar i kroppen vår, og ikkje minst, til å regulere nervesystemet. 

Pust og pusteøvelsar, pranayama, er ein viktig del av yoga og når eg underviser yoga både i grupper og ein til ein. Mi tilnærming til pust og pusteøvelser er mild og teknikkane eg brukar reflekterer dette. 

 

Frå eit yogaperspektiv er pusten nøkkelen til god helse;

til stressreduksjon, til livskraft, til sirkulasjon, energi og klarheit.

 

Brukar du 5 minutt på pusteøvelsar dagleg vil du kunne merke ein stor skilnad.


Ønskar du å lære din egen pust betre å kjenne, og finne ut korleis du kan bruke pusten
for å påvirke di helse og velvære? 
Ta kontakt med meg for å vite meir, eller om du ønskar privatundervisning i pust. 

Eteriske oljer og pust: 

Luktesans og pust er tett knytt saman. Eteriske oljer er nydelige for å støtte og fordjupe yoga- og pustepraksis. For å åpne opp i pust og lunger, for å støtte oss til å vere tilstades her og no, finne fokus. 

Kardemomme er kanskje den eteriske olja som som gir meg aller best assosiasjonar. Den trygge, gode følelsen. Den luktar berre himmelsk!

Visste du at kardemomme-olja er fantastisk for pusten din, for å åpne opp i luftvegane?
Ta ein dråpe i håndflata, gni sammen og lukt inn i djupe pust eller putt i diffuser. 


Air, 
Eucalyptus, Frankincense og Peppermint er også fine oljer å bruke når man jobbar med pusten. 


HER kan du lese meir om eteriske oljer og bestille egne oljer
 


Vil du vere med på  w e b i n a r  om pusten?

- Bli kjent med pusten din
- Intro til e
teriske oljer og pust

Følg med for informasjon og datoar
i timeplanen og ta kontakt med meg
om du ønsker å stå på venteliste.  

bottom of page