top of page

Eteriske oljer

IMG_4376_edited.jpg

Du veit, den dufta av appelsinskall når du skreller ei appelsin.
Eterisk olje av skallet til 
Wild orange gir umiddelbart ein kjensle av glede; det boostar lykkehormona dine og luktar heilt fantastisk. 

Lavendel gir umiddelbart assosiasjonar til ro; aaah, eit langt utpust.
Som om lavendel seier til nervesystemet vårt at "no du kan lande, senke skuldrane; 
her er det trygt å kvile". 

Balance er ei jordande blanding av treoljer; som skiftar energien fra dei ofte travle tankane nedover i kroppen; til ro, jording, sentrert fokus og klarheit. Balance var den olja som verkeleg fanga mi oppmerksomheit, og som førte meg inn i oljene sin verden. 

In a Lavender Field

Tips: 

 

- Drypp 3 dråpar Wild orange i diffuseren

for ein nydeleg start på dagen; for glede og energi!

- Drypp 3 dråpar Lavendel i diffuseren ved leggetid;

for djup og restituerande søvn. 

- Smør 3 dråpar Balance under fotsålane for ro, jording,  mindre tankekjør, meir klarhet og stødigheit.

 

For meg representerer desse vakre dråpane nettopp naturen;

med sitt sakte tempo, sin subtile essens;

men likevel så fulle av kraft, og så ulike i sine dufter og egenskapar.

Dei må berre opplevast, sansast. 

 

- Camilla

Ønsker du å bestille egne oljer?

Les meir og bestill her

 

 Eg deler gjerne mi erfaring og kunnskap om oljene med deg.
Varmt velkomen til mitt team! 

Eg har alltid elska naturlege dufter, og då eg fekk oppleve doTerra i ein yogatime vart eg heilt bergtatt, frå første sniff. Sertifiserte, reine oljer, utan fyllstoff - dyrka rundt om i verda der planten veks mest naturleg og best; små kraftfulle dråpar frå blomster, tre, røtter, bark og urter.  Ikkje berre luktar desse oljene fantastisk, men dei er av  terapeutisk kvalitet  og påverkar oss både fysisk, mentalt, emosjonelt og energetisk. 

Mitt første møte med oljene var i forbindelse med yoga. Oljene er nydelege til å støtte og fordjupe din yoga- og meditasjonspraksis. Men kanskje aller mest vart eg raskt fascinert av korleis oljene kan støtte oss til meir ro og mindre stress i kropp og sinn, til betre og djupare søvn, og meir glede, energi og overskudd! Med nokre få dråpar kan du enkelt påvirke korleis du har lyst til å føle deg! 

Ta gjerne kontakt om du vil høre meir om eteriske oljer, om du ønsker ein uforpliktande zoomsamtale eller eit live treff med meg.  


Pusterom // Mikropause:

Ta fram ei av dine favorittoljer, sett deg godt til rette. Lukt frå flaska, eller ta ein dråpe i handa, gni sammen og hold hendene framfor ansiktet. Ta eit par djupe pust og la olja få møte pusten din, luktesansen din. 

Ved å stoppe opp på denne måten tek vi ei pause i kvardagen vår, gjerne ei pause i stressmoduset og "gjeremoduset" vi ofte er i.

Når sansane våre blir oppslukt av dei fantastiske luktene, gløymer vi alt anna ei stund; vi puster djupare, og er heilt tilstades i augeblikket; i tillegg til at olja sine egenskaper har ei fantastisk virkning på kropp og sinn. 

 

1x1-600x600-how-to-use-lavender-essential-oil-for-sleep.jpg
bottom of page