top of page

Yoga

IMG_3697.jpg

 

Yoga er for ALLE.

Har du ein kropp, og du pustar, har du eit fantastisk utgangspunkt for yoga!


Pusterom Yoga

Mi tilnærming til yoga tek utgangspunkt i pust, nærande og mjuk restituerande yoga, mindfulness, meditasjon, avspenning og  djup kvile

Mitt ønske er at du skal oppleve ein motsats til ein ofte travel kvardag når du kjem på yoga hos meg. 

For meg representerer yoga ein kontrast til kvardagen; ein plass kor vi kan
puste ut, hente oss inn. Ein plass kor vi vender oppmerksomheta innover, kor vi tillet oss sjølv å pause, og å gjere mindre.

Yogamatta skal vere ein plass kor du kan lande, utan prestasjon, kome ut av to-do-modus, og berre vere, her og no. Ein plass kor du kan vere heile deg, akkurat slik du er. 


 

Skjermbilde 2021-06-21 kl. 10.30.21.png

 

Yoga for meg er å kome heim, 

sakte, pust for pust;

heim til seg sjølv.

 

- Camilla

Yoga er ei fantastisk verktøykasse for å redusere stress i kvardagen, det er ein praksis kor vi kan øve oss på å stoppe opp, pause.
Å ta seg tid til å vere i det som er i augneblinken, tid til å sjekke inn med seg sjølv.
Øve på å veksle mellom aktivitet og kvile. Og ikkje minst, yoga er eit  
p u s t e r o m  kor vi kan vere, kvile, og lade kropp og sinn. 

Når vi er på matta kan vi tre ut av kvardagen, og skape tid og rom for oss sjølv.
Ved å vende oppmerksomheta inn til pust, kropp, bevegelse og kvile kan vi roe nervesystemet; finne ro, stillheit.
Gjennom yogapraksis kan vi redusere stress, tankekjør, spenningar og vondter, og få tilgang til indre ro, meir glede og energi.

Vi brukar yogaøvelsane til å kome inn i kroppen, heim til oss sjølv, ikkje kroppen for å kome inn i yogaøvelsar. 
Når alt stilnar rundt oss kjem vi lettare i kontakt med oss sjølv, og vi blir meir bevisst på det som foregår på innsida;
på yogamatta lærer vi oss sjølv betre å kjenne.

Og viktigast av alt; det vi øver på på matta, tek vi med oss ut i kvardagen, ut i sjølve livet;
slik at vi kan leve meir i takt med oss sjølv og ta gode valg i retning av det som betyr mest for oss -  og det vi egentlig lengtar etter.   

Du finn meg lokalt på Seløy, rundt om på Helgeland og online.
Eg tilbyr både privattimar, gruppeklasser, workshops og yoga for din bedrift.

bottom of page